Bjørn Eidsvåg - Songen - Tekst piosenki, lyrics - teksciki.pl

Pop

Tekst piosenki
(Bjørn Eidsvåg/Bjørn Eidsvåg) Ingen visste kor songen kom ifrå Men me syns me eingong hadde hørt han før Den fylte oss med uro, med varme og lengt Og trong te' å leita, undras og spør Songen lot seg slett ikkje fanga Me prøvde, men den glapp for oss gong itte gong Det va som om me blei funne og fengsla Det va ein forunderleg gripande song Songen va av og te plagsom og vond Då bygde me rundt oss ein festning av stein Så fekk den oss brått te å synga og dansa Stemde te høgtid med fjørlette bein Då dansa me inn i kong Salomons slott Og blei varme av vin og visdoms ord Og me leika oss långt ut te gjetarens bål Og song salmer med David i fleirstemt kor Den førte oss og inn i smerten og sorgen Te den misbrukte ungen og den sørgande mor Te skjøgens lengt og te drankarens savn Og den dreiv oss i avmaktens drepande spor Og den jaga oss inn te vårt innerste rom Der ikkje eingong englar tør vær Me svetta i redsel og banna i trass Men endte i gråt og bøyde kner Men songen den løfta oss og fylte oss med mot Te å leva med himlen på grunnfjell og jord Og aldri va songen så sterk og så klår Som i stille måltid rundt Mesterens bord Så syng oss då inn i smerten og gleda Syng oss te bords med venner og vin Syng oss te nåde - te kjærleik og elskov Te slutt - syng oss inn i songen din
Tłumaczenie
Brak

Najnowsze teksty piosenek

Sprawdź teksty piosenek i albumy dodane w ciągu ostatnich 7 dni